TERAPI KONTRA PLEIE | FOTTERAPEUTEN 1 – 2023 | 11 Kommentarer til definisjonene av: Fotterapi/fotterapeut og fotpleie/fotpleier Fotterapeuten har spurt GunnsteinAkselberg, emiritus i nordisk språk og kjent fra NRK-programmet «Eides språksjov», om hva det betyr for folks forståelse når definisjoner i norske ordbøker er «feil» elle misvisende. NB: kommentaren er skrevet før endringene ble gjort. REDIGERTAVANETTE HAUGEN Det er tydeleg at ordbøkene skil lite og ingenting mellom fotterapi/fotterapeut versus fotpleie/fotpleiar-fotpleier. Definisjonane er i hovudsak meir eller mindre dei same. Fotterapi/fotterapeut er knytt til fotpleie/ fotpleiar-fotpleier og til pedikyri/pedikyrist. Fotpleie/ fotpleiar-fotpleier er knytt til fotterapi og fotterapeut. Det er berre fotpleie som ikkje er knytt til -terapeut/- terapi. Hva tenker du det betyr for folks forståelse av ord når de på denne måten blir definert «feil» i ordbøker? – Ein brukar av ordbøkene vil enten tolka dei to yrkesgruppene til å vera dei same og ha identiske oppgåver, eller brukaren vil kunna bli usikker og forvirra. – Utfordringa i desse tilfella er at ordbøkene som du viser til, er såkalla allmennordbøker og ikkje fagordbøker eller tekniske ordbøker. Kan man faktisk kalle det feil når Språkrådet/NAOB har gitt sin definisjon? – Kva som reint yrkesmessig, teknisk og juridisk ligg i termane/orda terapeut og pleiar, er i utgangspunktet ikkje emne for allmennordbøkene. Allmenordbøkene gjev i hovudsak berre allmenn-semantiske opplysningar og legg ikkje til grunn spesifikke yrkesmessige, tekniske og juridiske tilhøve. Difor kan ein ikkje kalla opplysningane «feil», men som allmenndefinisjonar spesifiserer dei ikkje yrkesmessige, tekniske og juridiske tilhøve. Hva kan man gjøre for å bidra til å endre definisjoner i ordbøkene? – Ein kan ta kontakt med ordboksredaksjonane. I Bergen driv ein no og reviderer nynorsk- og bokmålsordboka som du refererer til. Her kan du spela inn dei utfordringane som du tar opp. KOMMENTAR: GunnsteinAkselberg er emiritus i nordisk språk og kjent fra NRK-programmet «Eides språksjov». (Foto: Kommunikasjonsavdelinga, UiB) «Ein brukar av ordbøkene vil enten tolka dei to yrkesgruppene til å vera dei same og ha identiske oppgåver, eller brukaren vil kunna bli usikker og forvirra.» GUNNSTEIN AKSELBERG
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy