| IFID-SPALTEN Dette er IFID sin egen spalte i fagbladet Fotterapeuten. Den ble opprettet for at det skal være fagstoff om diabetesfoten i hvert nummer av bladet. Styret i IFID ønsker tilbakemeldinger fra medlemmene om de har noe spennende å dele eller kjenner noen IFID-styret bør kontakte. IFID-fagdagane 2024 Laurdag starta med føredrag av endokrinolog Eirik Søfteland. Han snakka om perifer og autonom nevropati. Vi fekk innblikk i andre nevropatiske plager ein person med diabetes kan ha, som for eksempel gastroparese, dysfunksjon i urinblære og seksuell dysfunksjon hos både menn og kvinner. Han fortalde også litt om andre sjukdommar enn diabetes som kan føre til nevropati, og at det finns moglegheit for behandling for smertefull nevropati hos smerteteam. Etter lunsj var det føredrag av Eva Høijord Skaug. Ho har forska på interaksjon mellom menneske, og snakka om interaksjon i rollene fotterapeut/pasient. Det var eit føredrag der vi blei meir reflekterte over eigne uttrykk i møte med pasient, og kva innverknad pasientar kan ha på oss. Å få til ein god interaksjon er viktig for å gje god og riktig behandling – og vi må ta vare på oss sjølve som helsepersonell og personar. Høijord Skaug hadde eit energisk og lærerikt føredrag som baud på både dans og aktiv deltaking. Generalforsamling Etter føredraga var det tid for generalforsamling. Karina Solheim takka for seg som leiar, og Mariann Blegen vart valt som ny leiar. Jorun Erdal takka også for seg i styret. Nye i styret er Monica Herskedal og Camilla Madland, og Beate Espelund som vara. Ira Røyseth Førde fortsette i styret. Det vart einstemmig vedtatt at deltakarar på IFID-fagdagar må ha vidareutdanning i diabetesfoten. Det vart også einstemmig vedtatt at IFID skal støtte Prosjekt Risikovurdering med kr 30 000,–. Det var og forslag om høgare beløp. IFIDmedlemmar ser dette arbeidet som svært viktig med tanke på fokus på diabetesfoten, førebygging samt jobben mot refusjonsordning. Satsingsområda til IFID: • Gjere seg synleg for anna helsepersonell, informere og opplyse om fotterapeutar med diabeteskompetanse. • Jobbe aktivt og oppfordre fotterapeutar til å ta vidareutdanning på USN. • Følge og støtte arbeidet mot refusjonsordning. Dag 2 Søndag opna Randi Sandlie Nyland med status i forhold til refusjonsordning. Ho fortalde litt om kva som er blitt gjort og kva FotteIFID-fagdagane 2024 blei heldt 26.-27. oktober i Bergen. Det var 64 påmeldte og 10 utstillarar. Totalt deltok 83 personer på fagdagane. AV IRA RØYSETH FØRDE, IFID-STYRET 46 | FOTTERAPEUTEN 1 – 2025 POPULÆRT: Det var stort oppmøte på IFID-fagdagane i Bergen i haust. (Foto: privat)
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy