Fotterapeuten nr. 2 - 2017

42 | FOTTERAPEUTEN 2 – 2017 | HOSPITERING Av ulike årsaker kom eg meg ikkje av gårde før januar 2017. Hadde snakka med Bo Jørgensen, som lova meg eit «Fotterapeutopplegg». Eg hadde 30 årsjubileum i 2016. Laila Fluge Bortheim som er fotterapeut i Førde gjekk på same kullet som eg på Agder Fotterapeutskule. Vi hadde snakka om kva vi kunne finne på for å markere at vi hadde drive som fotterapeutar i 30 år. Derfor spurde eg henne om ikkje det ville vore kjekt å dra i lag til til Bispebjerg. Eg lova dele med henne det eg fekk dekka av Nifs. Det var to spente fotterapeuter som vart møtt av Bo på Kastrup den 15. Januar. Etter å ha sett inn bagasjen på hotell Nora i sentrum av byen, køyrde vi heim til Bo. Der møtte vi Marianne Petersen som er Fotterapeut ved Ambulato- riet på Bispebjerg. Det var henne og dei 4 andre fotterapeutane vi skulle få følgje dei 3 neste dagane. Bo og Marianne diska opp med god 3 retters middag og drikke, så vi kosa oss stort i heimen til Bo den første kvelden. Mandag morgon skulle vi møte på Hospitalet. Der vart vi godt mottekne, og vart raskt tatt med rundt på avdelinga, der vi skulle få sjå korleis dei arbeider der. Det var heilt fantastisk å sjå den effektiviteten som rådde her. Når ein pasient kom inn til undersøking/kontroll, vart han teke imot av fotterapeuten som skar reint sår og kantar/callositetar. Lege og sjukepleiar kom til for videre vurdering / sårbehandling. Då gjekk Fotterapeuten på Verkstaden og lagde sålar/avlastningar til ein type terapi- sandal frå New Feet, som dei gav til pasientane. Der vart slipt til ulike innlegg, som vart limt på den uttagbare sålen i skoen. Desse skulle avlaste såret. Det vart også laga avlastingar på sidene i skoen ved behov. Sålemateriala var likt mykje av det vi har lært å bruke i utdanninga vår, og på avlastningskurs . Var det ein kontroll, vart sålen endra på, alt etter utviklinga til såret. Det geniale var at dei brukte ein lim som gjorde at dei kunne dra komponentane frå kvarandre og rette på dei, eller skifte innlegg. I nokre tilfeller måtte pasienten bruke ein Airkast- støvel.( stiv plaststøvel som går opp til kneet, som gjev total avlastning på sår plantart) Den kan også lagast avlastning såle i. Alt dette arbeidet var det fotterapeuten som hadde ansvaret for. Trengte pasienten spesialsko i framtida, vart dette søkt Hospitering på Bispebjerg Vidensenter for sårheling I februar 2016 var eg ein av dei heldige som vart tildelt stipend for å dra på hospitering på Bispebjerg i København der Bo Jørgensen inviterer til 3 dagers Hospitering. TEKST OG FOTO: EDEL OLSTAD OG LAILA FLUGE BORTHEIM To av våre medlemmer var så heldige å få hospitere på Bispebjerg Vidensenter og her er deres opplevelse.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy