Fotterapeuten nr. 2 - 2017
FOTTERAPEUTEN 2 – 2017 | 43 HOSPITERING | om i god tid. Det var det legen som gjorde når pasien- ten var inne til kontroll. Når såret var grodd, kom pasienten med sine håndsydde sko for at fotterapeuten skulle sjekke at dei var riktig oppbygde, og gav nok plass til fotens skavankar. Alt som var gjordt vart med ein gong dokumentert på journalen til pasienten. Dei ulike behandlarane dokumenterte kvar sitt arbeid. Det vart også teke bilder som vart lagt inn på journalen. Dette vart eit dokument der alle dei involverte i teamet kunne gå inn å lese kva som vart gjordt sist pasienten var inne til kontroll. Når personar var innkalla til sårkontroll, kunne både sjukepleier kalle på fotterapeut som måtte fram med skapellen og «rydde» opp i såret, og vise versa til sårstellet. Laila og eg gjekk som sagt på Agder Fotterapeut- skule i Kristiansand. Det var veldig kjekt å sjå desse danske fotterapeutane arbeide nett slik vi lærte det når vi gjekk på skulen. Dei brukte til og med beaver- kniv, den vi kalla «danskekniv» når vi gjekk på skulen. Det er rett ut sørgeleg at vi ikkje «får lov» å bruke det vi lærte, fordi ansvarsfordelinga er så ulik her i landet. Også med tanke på kva det vil koste ein pasient her å få sålar av oss. I Danmark betaler dei ikkje noko. Eg la fort «på hylla» det eg lærte om sålar, og brukar berre filt og silikonavlastningar no. Vi fekk også sjå Bo utføre ein tåamputasjon. Ein annan fekk fjerna ei skrue i eit tåledd ( den var på veg ut) og kompresjonbehandling av lymfødem på Lymfødemklinikken. I det heile var det travle , men svært spennade dagar på Bispebjerg Vi budde på hotell Nora i sentrum av Nørrebro. Dette er eit gamalt hotell i 4 etasjer utan heis. Vi fekk rom i 4. Etasje. Så litt trappetrim vart det. Det var reint og hyggjeleg og «morgenmaden» var god. Kan gjerne anbefale dette hotellet! Ein av kveldane oppsøkte vi ein restaurant Bo hadde føreslege; «Gaarden og Gaden». Den var ein liten restaurant midt på Nørrebrogade med plass til ca 20 gjester, rustikt interiør og jazz på høgtalaren. Der spiste vi eit smakelig måltid mat det vil bli lenge til vi får maken til. Tusen takk til NIFS, Bo Jørgensen og fotterapeutane på Bispebjerg, for at de gav oss sjansen til å oppleve det vi gjorde desse januardagane i 2017! Vi vil absolutt anbefale våre kollegaer å søke Københavnstipendet i NIFS! Kera_78x249_NOR.indd 1 28.02.17 12:31
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy