| IFID-SPALTEN IFID-spalten IFID har fått sin egen spalte i fagbladet Fotterapeuten. Denne spalten er ny og startet i forrige nummer med en presentasjon av IFID og de som sitter i styret. Vi kommer til å forme den underveis, men nå vil det bli fagstoff om diabetesfoten i hvert fagblad. Det er vi veldig glade for. Vi ønsker tilbakemeldinger fra dere medlemmer hvis dere har noe spennende dere vil dele, eller kjenner noen vi bør kontakte. 44 | FOTTERAPEUTEN 2 – 2023 CASE NEVROPATI Pasient: Aktiv mann, tidlig i 80-årene. Diagnoser: Nevropati i over ti år, DM2 (Diabetes Mellitus 2) sidan hausten 2019. Det første møtet med pasienten var i desember 2015. Pasienten har hatt sår på side/plantart v/hallux, og gått til behandling hos diabetesteam ved sjukehus. Diabetesteamet har fotterapeut, og dei har behandla såret og avlasta med filtavlasting. Pasienten vart henvist derifrå med anbefalt fotbehandling kvar sjette veke, samt filtavlastning. Pasienten har uttalt nevropati, og kjenner ingenting på føttene. Han bruker elastiske strømper, ortopediske sko og sålar. Etter at såret er grodd ynskjer ikkje pasienten å ha filtavlastning. Han meiner den ikkje ligg på plass i skoen og er stor. Såret er grodd, men det er ein lukka fissur proximalt for hyperkeratosen. Pasient har filtavlasting dei to neste åra. Han går til fotbehandling kvar sjette veke og filer hyperkeratosen sjølv innimellom. Det er sterkt frårådd frå fotterapeuten si side, men pasienten meiner han er forsiktig og «føler» med fingrane. Han smører hyperkeratosen dagleg med Lipidrokrem. Pasienten får individuelle råd med tanke på diabetes. Helsmerter og endra gange Våren-17 får pasienten helsmerter. Mest truleg Plantar fasciitt. Med vidareutdanning i BMT gir eg råd om sko, gange og øvelsar. Eg føretek ikkje føring- og leddtestar på grunn av diagnosen. Gangen har endra seg som følge av nevropati og balansen er redusert. Ein må difor vere forsiktig med kva råd ein gir, men forsiktig auke av steglengda vil endre belastningspunkt på hælen, og eg anbefalte å prøve å ha litt meir armsving. Eg anbefalte også å kontakte ortopediteknikk for ny vurdering av såle og sko. Seinare var han til røntgen og fekk påvist antyding til helspore. Det har til tider vore sub cutan-blødning i hyperkeratosen, og den har vore tørr. Eg har då lagt på filtavlastning for ein periode, til blødninga er vekke. I november-19 oppstår det et nytt sår. Han sa sjølv at det var «noko rart», og at han truleg hadde slipt litt for mykje med elektrisk fotfil. Han opplyser at han no har fått DM2. Det var no hol og småblødning i hyperkeratosen. Hudpoliklikken ble ringt sidan han hadde vore i behandling der. Pasienten si sak var ikkje lenger aktiv, og han måtte difor ha ny henvisning frå fastlegen. Fotterapeut beskar hyperkeratose, laga filtavlastning, rensa, la på sårsalve og bandasje. Skreiv epikrise og sendte med til fastlegen. Pasienten ringte og fekk time nokre dagar etter, og såret blei følgt opp av fastlegen. Såret gror i løpet av to månader. Siden tema i Fotterapeuten i dette nummeret er nevropati, har også IFID valgt å ta for seg en case som omhandler nevropati. TEKST OG FOTO: IRA RØYSETH FØRDE, FOTTERAPEUT MEDVIDEREUTDANNING I DIABETESFOTEN OG BIOMEKANISKTERAPI
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy