Fotterapeuten nr. 2-2023

FAGKONGRESSEN | IFID-SPALT FOTTERAPEUTEN 2 – 2023 | 45 FIGUR 1 – NOVEMBER 2019: Såret oppsto i november-19 og var grodd i januar-20. Februar-20 blei det laga fotavlastning for å prøve å førebygge nye sår, men på grunn av covid og nedstenging av klinikken, fekk vi ikkje tilpassa den. Frå covid stengde ned og til vi fekk hjelpe akutt med 15 minuttars behandling, har det på nytt oppstått blødning sub cutan og nytt sår. Såret gror innan mai-20, og får då tilpassa avlastning. Han prøver den ut, men synest ikkje den fungerer og likar ikkje å ha den på. FIGUR 2A – SEPTEMBER 2020: Har fått blemme ved sida av hyperkeratose v/ hallux. Beskjærer hyperkeratose, let blemma vere. Ved same behandling vert det også oppdaga friskt blod frå liten prikk plantart dorsalt 3. met caput høyre fot. Litt vorteaktig, men usikker på kva det er. Beskjærer og det er større opning under huda. Skriver epikrise, og får på ny time hos fastlege. Fastlege opnar opp blemma og beskjærer kraftig. Såret gror i løpet av seks veker. FIGUR 2B – SEPTEMBER 2020: Etter nyttår har såret plantart derimot ikkje grodd og behandlar føretek ein ny sjekk av sko og innersåle. Han har to par han vekslar på å bruke. Der er det ein liten stein i sålen, litt større enn eit knappenålshovud. Fjerna det, informerte legen, og såret gror i løpet av ein månad. FIGUR 3 – HYPERKERATOSE, FEBRUAR 2023: Fastlegen anbefaler no beskjæring av hyperkeratose kvar tredje veke og full fotbehandling kvar sjette veke. Pasienten er einig i å ikkje bruke elektrisk fotfil lenger. Etter at såret var grodd i januar 2021 har det ikkje oppstått nytt sår. Store kostnader Etter at pasienten begynte å gå til behandling kvar tredje veke har det ikkje vore sår, men tidvis tørre blødningar sub cutant. Dette viser kor viktig det er med god oppfølging, og at pasienten også sjekkar føter, sko og har god eigenpleie heime. Denne casen viser også kor viktig det er med god samhandling mellom fotterapeut, kommunehelseteneste og spesialisthelseteneste. Pasienten har komme tidleg til og fått god oppfølging. Men diverre har dette også ei bakside. I 2022 betalte pasienten cirka 8000 kroner for å gå til behandling hos fotterapeut. Ei refusjonsordning ville spart han mykje pengar. Men pasienten har tross alt ikkje hatt sår i 2022. Tidlegare år har han hatt store kostnader både hos fotterapeut og på legekontor. Hos fastlegen må han ikkje betale for behandlinga når han har fått frikort, men forbruksvarer (til dømes sårutstyr) må pasienten betale sjølv uansett. I spesialisthelsetenesta er det gratis, der betalar ein kun eigenandel. For pasientane kan det vere vanskeleg å forstå at det er ulike prisar på kommunehelseteneste og spesialisthelseteneste. Og det aller beste for våre diabetiske pasientar hadde vore om det var refusjonsordning og helst kosta det same hos fotterapeut, kommunehelseteneste og spesialisthelseteneste. Då kunne vi spart pasientane for sår og amputasjonar og staten ville truleg spart pengar.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy