Fotterapeuten nr. 3-2025

| IFID-SPALTEN Dette er IFID sin egen spalte i fagbladet Fotterapeuten. Den ble opprettet for at det skal være fagstoff om diabetesfoten i hvert nummer av bladet. Styret i IFID ønsker tilbakemeldinger fra medlemmene om de har noe spennende å dele eller kjenner noen IFID-styret bør kontakte. Fakta og tankar etter: Prosjekt risikovurdering – Førde 46 | FOTTERAPEUTEN 3 – 2025 Den 1. april vart det arrangert ein ny runde med prosjektet «Risikovurdering av diabetesføtter» i Ortopediteknikk sine lokalar i Førde. AV IRA RØYSET, FOTTERAPEUT, IFID-STYRET Vi var seks fotterapeutar ilag med tre ortopediingeniørar og to sjukepleiarar, samt Diabetesforbundet og Fotterapeutforbundet som organiserte det ilag med Karina Solheim. Forbunda stod føre velkomst og registrering og viste dei vidare til fotterapeut, som føretok risikovurdering. Vi brukte skjema som Fotterapiforbundet har utarbeida. Fann vi ikkje palperbar puls, viste vi dei vidare til sjukepleiar, som hadde doppler og AAI. Fann vi andre avvik, til dømes deformitetar og trykkpunkt, viste vi dei til ortopediingeniør som vurderte sålar og spesialsko. Hadde vi spørsmål med tanke på vurdering av sålar og sko, spurde vi ortopediingeniørane og motsett. Det var mykje god erfaringsutveksling. Resultat Førde, Ortopediteknikk, 17.10.2024: 27 personar leverte skjema: Resultatet Ser ein på resultatet av screeninga på pasientane i Førde, finn ein at fem pasientar er i høgrisikogruppe, og av dei fem er det ingen som har fått sjekka føtene hos fastlegen. Det er svært bekymringsfullt, og ein får håpe dei går til kontroll hos spesialist på sjukehuset. Det er betryggande at tre av dei fem går fast til fotterapeut. Det viser at der det offentlege har svikta, tek pasienten sjølv ansvar og får sjekka føtene sine. Dette viser kor viktig det er at pasientar får ein refusjonsordning. Desse pasientane må jamleg få sjekka og behandla føtene sine. Det same gjeld dei sju personane i gul gruppe, der berre to har fått sjekka føtene hos fastlege og to går til fotterapeut. Ideelt sett hadde desse fem i rød risikogruppe og sju i gul gruppe gått jamleg til fotterapeut heile året. Stor kostnad Helsa er ein ting, økonomien ein anna. Det er ikkje alle som kan ta seg råd å betale privat fotterapeut kvar sjette veke. Økonomi er også grunn for at ein refusjonsordning er så viktig, Det skal vere likt for alle. I min klinikk har eg ein pasient som hadde sår for nokre år tilbake, og det dannar seg fort hyperkeratose der såret har vore. Han kjem til klinikken kvar tredje veke. Annakvar gong er det beskjering av hyperkeratose og annakvar gong heil fotbehandling. SAMMEN: Her er fotterapeutene Laila Fluge Bortheim (t.v.) og Jorun Irene Erdal i gang med å sjekke en pasient og fylle ut skjemaet for risikovurdering. (Foto: privat)

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy