FOTTERAPEUTEN 3 – 2025 | 47 IFID-SPALTEN | Det blir ein ganske stor kostnad for pasienten. Men til no har det spart han for tilbakefall av sår, hyppig legebesøk for sårskift og mykje belastning som det blir når ein får sår. På legekontoret må pasienten også betale for bandasjemateriell, sjølv om ein har frikort. Eg vil påstå at saman har pasienten og eg spart Helse Norge for mykje pengar. Ein anna ting er at ein refusjonsordning også er viktig for rekruttering av fotterapeutar. Det vil rekruttere til utdanning, løfte sjølve utdanninga og vi blir forhåpentlegvis likestilt med anna helsepersonell. Tverrfagleg samarbeid Med tverrfagleg samarbeid vil ein kanskje kunne unngå sår og amputasjonar ved at vi som fotterapeutar henviser til ortopediingeniør for såle eller spesialsko. Og ortopediingeniør, fastlege og spesialisthelseteneste henviser til oss. Har pasienten fått sår, må vi vite kva kompetanseområde vi har, og kven vi skal sende dei til. Alle helsepersonell møter personar med diabetes med ulike behov, og då er det viktig at dei kjem til rett helsepersonell till rett tid. Det største tiltaket for å hindre sår og amputasjonar er førebygging. Det er fastlegar/spesialist og fotterapeutar (om dei går til fotterapeut), som møter pasienten i tidleg fase, og her er god informasjon om god fothelse viktig. Fotterapeuten kan plukke opp mykje om pasienten når han er inne til behandling. Det er under samtale, sjå pasienten, risikovurdering, vurdere mobilitet og sko, gje god veiledning/tiltak, brosjyrar, med meir. Etter mitt syn er det gråsoner innafor risikogruppene. Ein kan kategorisere ein pasient i låg risiko for fotsår, men tek ikkje pasienten omsyn til eiga helse og utset seg sjølv for stadige farar, er han absolutt i høgare risikogruppe for fotsår. Og omvendt, pasientar i moderat eller høg risiko med god kunnskap og praksis i eiga helse, kan kategoriserast lågare. Men ingenting er svart/kvit, og det vil alltid vere gråsoner. Det er då det er viktig at vi har god kunnskap og formidlar viktig og rett informasjon til pasienten. Auka kompetanse Med dette prosjektet fekk vi auka kompetanse og betre samarbeid og forståing for andre yrkesgrupper. For at pasientar skal få god helsehjelp er det svært viktig med godt samarbeid mellom ulike yrkesgrupper og tenester på ulike nivå. Det ser vi diverre for lite av i norsk helsevesen i dag. Det er for vanskeleg og tidkrevjande å henvise på tvers av spesialistar, og ei anna utfording er at vi er for lite flinke (har for liten kunnskap?) til å bruke kvarandre. Vi som fotterapeutar kan ikkje gjere alt for pasienten, og det kan heller ikkje fastlegar, spesialistar, ortopediingeniørar eller sjukepleiarar, men saman kan vi gjere det beste for pasienten. TVERRFAGLIG: Flere ulike yrkesgrupper jobber sammen om «Prosjekt risikovurdering diabetesføtter». Her er hele gjengen i Førde samlet. (Foto: privat) VIKTIG SJEKK: Fotterapeut Edel Olstad er i gang med å sjekke en av pasientene. (Foto: privat) SEKS FOTTERAPEUTER: Ira Røyset var én av seks fotterapeuter som deltok i «Prosjekt risikovurdering diabetesføtter» i Førde (Foto: privat)
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy